Rehabilitering for personar med kronisk smerte
Mål med opphaldet
Målet med programmet er å gje deg med kroniske smerter hjelp til betre funksjon og livskvalitet gjennom heilskapleg livsstilsendring der vi fokuserar på innsikt i og meistring av eige sjukdomsbilete. Ved ei heilskapleg tilnærming vil vi gje brukarane eit betre grunnlag for å kunne forhalde seg til smertene sine og klare å sjå moglegheiter trass i plagene sine.
Organisering av tilbodet
Rehabiliteringstilbodet er døgnbasert og varer i fire veker. Det er gruppevis inntak på 17 brukarar ein gong i veka, og nye brukarar møter på Rehabiliteringssenteret AiR onsdag ettermiddag. Tilbodet er gruppebasert, men fagteamet gjer individuelle tilpassingar når det gjeld behandling, trening og intensitet.
Innhald
Under opphaldet blir gruppa fylgd opp av eit eige fagteam som er sett saman av lege, sjukepleiar, sosionom/arbeidskonsulent, fysioterapeut og idrettspedagog. Dei fyrste dagane er sett av til kartlegging av kvar enkelt brukar sine utfordringar og plager. I tillegg blir brukarane introdusert for ulike undervisningstema og aktivitetar som er ein del av timeplanen dei neste fire vekene. Undervisningsdelen tek opp tema som kropp og sjel, trening og helse, smertemeistring, kosthald og ernæring. I tillegg har vi gruppebasert målsettingsarbeid. Desse temaa og personlege utfordringar for kvar enkelt blir lyfta i individuelle samtaler, gruppesamtaler og gjennom samhandling med lokalt støtteapparat rundt kvar enkelt brukar.
Livsstilsendring, tilpassa fysisk aktivitet og gode meistringsstrategiar har ei positiv innverknad på livssituasjonen for brukarar med kroniske smerter. Aktivitetane på timeplanen reflekterer dette. Avspenning, bevegelsesgrupper , friluftsaktivitetar og tilpassa fysisk aktivitet i gymsal og basseng er eksempel på innhald i timeplanen, i tillegg til undervisning og individuelle samtaler/behandling. Nokre av brukarane vil også få tilbod om riding.
Mot slutten av opphaldet lagar vi ein individuell tiltaksplan der både brukaren, AiR – Klinikk og brukarens lokale støtteapparat blir kopla saman. Slik får brukaren saman med det lokale støtteapparatet ein felles plan for den vidare prosessen etter at opphaldet på AiR – Klinikk er avslutta. AiR – Klinikk vil også delta i oppfylginga etter at opphaldet er avslutta.
Last ned brosjyre om peogrammet her (pdf)
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ynskjer meir informasjon.
Telefon: 35 06 28 00, e-post: post [alfakrøll] air [dot] no