Rehabilitering for personar med CFS/ME med moderat utfall
Mål med opphaldet
Målet med programmet er å hjelpe deg med CFS/ME til å betre din livskvalitet. Dette gjer vi gjennom å bidra til å heve funksjons- og meistringsevnene dine, slik at kvardagen blir lettare.
Organisering av tilbodet
Programmet er døgnbasert og varar i fire veker. Det er gruppevis inntak på 17 brukarar, og nye brukarar møter på Rehabiliteringssenteret AiR onsdag ettermiddag. Tilbodet er gruppebasert, men fagteamet gjer individuelle tilpassingar i forhold til behandling, trening og intensitet.
Innhald
Under opphaldet blir gruppa fylgd opp av eit eige fagteam som er sett saman av lege, sjukepleiar, sosionom/arbeidskonsulent, fysioterapeut og idrettspedagog. Dei fyrste dagane er sett av til kartlegging av kvar enkelt brukar sine utfordringar og plager. I tillegg blir brukarane introdusert for ulike undervisningstema og aktivitetar som er ein del av timeplanen dei neste fire vekene. Undervisningsdelen tek opp tema som kropp og sjel, trening og helse, meistring, kosthald og ernæring. I tillegg har vi gruppebasert målsettingsarbeid. Desse temaa og personlege utfordringar for kvar enkelt blir lyfta i individuelle samtaler, gruppesamtaler og gjennom samhandling med lokalt støtteapparat rundt kvar enkelt brukar.
I rehabiliteringa legg vi opp til ein balanse mellom kvile og aktivitet. Den fysiske opptreninga har låg intensitet og er individuelt tilpassa kvar enkelt med utgangspunkt i brukaren sin kapasitet. Det andre sentrale elementet i programmet er kognitiv behandling. Forsking viser at det er desse to behandlingsformene som har vist størst effekt på pasientgruppa CFS/ME. Andre aktivitetar på timeplanen er bl.a. avspenning, bevegelsesgrupper, friluftsaktivitetar, undervisning og individuelle samtaler/behandling. Nokre av brukarane vil også få tilbod om riding.
Mot slutten av opphaldet lagar vi ein individuell tiltaksplan der både brukaren, AiR – Klinikk og brukarens lokale støtteapparat blir kopla saman. Slik får brukaren saman med det lokale støtteapparatet ein felles plan for den vidare prosessen etter at opphaldet på AiR – Klinikk er avslutta. AiR – Klinikk vil også delta i oppfylginga etter at opphaldet er avslutta.
Last ned brosjyre om programmet her (pdf)
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ynskjer meir informasjon.
Telefon: 35 06 28 00, e-post: post [alfakrøll] air [dot] no