Skip to main content

Rehabilitering.no

Search form

  • Portal
  • Kompetansesenteret AIR
  • Klinikk AIR

Secondary menu

  • Følg oss på Facebook
  • In English
  • Ledige stillingar
  • Ofte stilte spørsmål
  • Kontakt oss
  • Om oss
  • Nyheiter
  • Rehabiliteringstilbod
    • Arbeidsretta rehabilitering
    • Rehabilitering for personar med CFS/ME med moderat utfall
    • Rehabilitering for personar med kronisk smerte
  • Søkje plass
    • Ventetid
    • Søknadsskjema
    • Kvar skal søknadsskjemaet sendast?
    • Kostnadar
    • Fleire spørsmål?
  • Om opphaldet
  • For helsevesenet / Nav
  • For arbeidsgjevar

Om Rauland, kart og transport

Fjellbygda Rauland

Rauland er eit utprega fjellbygd 750 m.o.h. med om lag 1000 innbyggarar i Vinje kommune, Telemark. Bygda har store friluftsområde med både fjell og skog, og austenden av Hardangervidda byrjar å reise seg i når ein ser vestover

Den varierte og flotte naturen har gjort Rauland både til ein attraktiv stad å bu og eit populært feriemål for turistar og hyttefolk. Med fleire store skianlegg og milevis med langrennsløyper er det spesielt vinterstid mange som tek turen til bygda. Rauland er også kjent for eit rikt kulturliv med mange kunstnarar, handverkarar og folkemusikarar i bygda.

Rauland sentrum (Krossen) ligg 1.5 kilometer frå Rehabiliteringssenteret AiR. Her finn  du fleire ulike forretningar, bank, post i butikk, bensinstasjon, kafear, symjebasseng, idrettshall, bibliotek og turistkontor.

 

Kart og transport

Rehabiliteringssenteret AiR ligg i Rauland, Vinje kommune, Vest-Telemark, midt i Sør-Noreg.

Når du kjem til Rauland sentrum (Krossen), køyr mot Haukeli (fylkesveg 362, ta av i krysset ved ESSO-stasjonen). Etter 600-700 meter svingar du opp til høgre ved skiltet Rehabiliteringssenter

 

Kart Rauland

 

Skriv ut kartet (pdf-fil)

 

Avstandar:

Oslo: 20 mil

Bergen: 28 mil

Kristiansand: 25 mil

 

 

Offentleg transport

Haukeliekspressen som går mellom Oslo og Haugesund/Bergen stoppar i Åmot. Her tek du lokalbuss vidare til Rauland. Haukeliekspressen korresponderar også med buss frå Kristiansand i Haukeli.

 

Rutetider Haukeliekspressen (NOR-WAY Bussekspress) http://www.nor-way.no/

Rutetider lokalbuss Åmot – Rauland (Telemark bilruter) http://www.telemarkbil.no/

  • Facebook
  • Twitter
  • Skriv ut

Vedlegg: 

kart.pdf

Sjå kva andre seier om opphaldet

Prøvde ut nye grenser under trygge omgivelser. Fikk tid til fokus på en indre reise.
Kvinne, Sør-Trøndelag

Main menu

  • Rehabiliteringstilbod
  • Søkje plass
  • Om opphaldet
  • For helsevesenet / Nav
  • For arbeidsgjevar

Sub Menu

  • Følg oss på Facebook
  • In English
  • Ledige stillingar
  • Ofte stilte spørsmål
  • Kontakt oss
  • Om oss
  • Nyheiter

Shortcut menu

  • Arbeidsretta rehabilitering
  • Rehabilitering for personar med CFS/ME med moderat utfall
  • Rehabilitering for personar med kronisk smerte

helse sør-øst, nav
carfiso