Om oss
Faktaboks:
Rehabiliteringssenteret AiR as er ein privat ideell (non-profit) organisasjon som består av einingane AiR - Klinikk og AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering.
Direktør:
Svein Kostveit, tlf 35 06 28 00
AiR - Klinikk er ein del av spesialisthelsetenesta og leverer rehabiliteringstenester til Regionale helseføretak og Nav.
AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering (NK ARR) har som hovudmål å stimulere og bidra til nasjonal faglig utvikling innan arbeidsretta rehabilitering.
Rehabiliteringssenteret AiR har i 2011 72 tilsette, fordelt på omlag 30 i Klinikk. 15 på NK ARR og 25 i service/administrasjon.
Les Årsberetning 2010 for rehabiliteringssenteret AiR
Styret for Rehabiliteringssenteret AiR
I 2011 feira AiR 25 år
AiR – Klinikk er ein del av Rehabiliteringssenteret AiR (før Attføringssenteret i Rauland) og har status som landsdekkande helseinstitusjon i spesialisthelsetenesta. Senteret vart etablert i 1986 og har sidan oppstarten vore leiande innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering.
På AiR - Klinikk vert brukarane fylgt opp av eit tverrfagleg team beståande av lege, arbeidskonsulent/sosionom, sjukepleiar, fysioterapeut og idrettspedagog. Teamet samarbeidar tett for å kartleggje brukarane og gje dei best mogleg oppfylging.
Våre fagteam har lang erfaring med mange ulike diagnosegrupper som muskel- og skjelettplager, lettare psykiske lidingar, samansette plager der trøythet har vore eit av dei mest dominerande symptoma, revmatiske lidingar, hjarte- og karsjukdommar og lungesjukdommar. På grunnlag av vår breie erfaring med desse brukargrupper tilbyr AiR – Klinikk fleire rehabiliteringsprogram tilpassa behov hjå ulike pasientgrupper.
Les felles brosjyre for AiR - Klinikk og AiR - Kompetansesenter
Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering
I tillegg til klinikk består Rehabiliteringssenteret AiR også av Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. På grunnlag av erfaringane og kompetansen som AiR - Klinikk har bygd opp innan dette fagfeltet, bestemte Stortinget i 2005 at Rehabiliteringssenteret AiR skulle etablere eit praksisnært nasjonalt kompetansesenter.
Gå til Kompetansesenterets nettside
Miljøsertifisering
AiR er frå oktober 2011 miljøsertifisert etter NS-EN ISO 14001. Me fører ein aktiv miljøpolitikk og fylgjer opp denne gjennom konkrete miljømål og handlingsplanar for å nå måla.
Sjå vår vedtekne miljøpolitikk for 2011-2012 (klikk her)
Sertifikat miljøstyringssystem Nemko
CARF- og ISO-sertifisert
I 2010 vart AiR - Klinikk sitt 4-vekers program i arbeidsretta rehabilitering og organisasjonen som det fyrste rehabiliteringssenteret i Europa sertifisert for tre år etter den internasjonale CARF-standarden for programmet Occupational Rehabilitation Programs, comprehensive services (adults).
Kvalitetssystemet ved Rehabiliteringssenteret AiR vart i desember 2006 sertifisert etter den internasjonalt anerkjente ISO-9001-2000 standarden. Krav om kontinuerleg forbetring av organisasjonen er eit sentralt stikkord i denne standarden. I desember 2009 vart sertifiseringa fornya etter den nye ISO 9001-2008-standarden.
Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer meir informasjon om oss:
AiR – Klinikk
Haddlandsvegen 20
3864 Rauland
Telefon: 35 06 28 00