Skip to main content

Rehabilitering.no

Search form

  • Portal
  • Kompetansesenteret AIR
  • Klinikk AIR

Secondary menu

  • Følg oss på Facebook
  • In English
  • Ledige stillingar
  • Ofte stilte spørsmål
  • Kontakt oss
  • Om oss
  • Nyheiter
  • Rehabiliteringstilbod
    • Arbeidsretta rehabilitering
    • Rehabilitering for personar med CFS/ME med moderat utfall
    • Rehabilitering for personar med kronisk smerte
  • Søkje plass
    • Ventetid
    • Søknadsskjema
    • Kvar skal søknadsskjemaet sendast?
    • Kostnadar
    • Fleire spørsmål?
  • Om opphaldet
  • For helsevesenet / Nav
  • For arbeidsgjevar

Ofte stilte spørsmål


Kor lenge varer eit opphald?

Alle rehabiliteringsopphalda ved AiR – Klinikk varar i 4 veker.

 

Kva er innhaldet i eit opphald ved AiR?

Her finn du informasjon om dei ulike rehabiliteringsprogramma på AiR - Klinikk

 

Kostar eit opphald ved AiR - Klinikk noko?

Det er ikkje eigendel for brukarane ved AiR.

Brukarane har rett til å få dekt reiseutgifter ved ankomst og avreise frå AiR.

 

Er det ventetid på eit opphald?

Ventetida frå søknad er sendt og til du eventuelt får tilbod om plass varierer normalt mellom 1-3 månadar. Du finn oppdatert informasjon om ventetid under menypunktet ”Søkje plass”.

 

Korleis bur eg på AiR - Klinikk?

Kvar brukar får sitt eige rom med bad og toalett. Alle brukarar må vera sjølvhjelpne. Måltida blir servert i matsalen. I hovudbygget er det fleire felles opphaldsrom for brukarane.

 

Kva er målet med eit opphald på AiR - Klinikk?

AiR - Klinikk sitt mål er å gje brukarane betre livskvalitet gjennom å heve funksjonsnivået og meistringsevna. For tilbodet innan arbeidsretta rehabilitering er målet å hjelpe brukaren til å få tilbake eller ta vare på arbeidsevna.

 

Kva type diettar kan kjøkkenet til AiR tilby?

Kjøkkenet på AiR kan tilby desse diettane: glutenfri, vegetar, kosthald utan mjølk og kosthald utan svinekjøt. Ved behov for diett skal dokumentasjon frå lege leggjast fram.

 

Kva skal eg pakke med meg for eit opphald på Air - Klinikk?

Timeplanen under opphaldet er varierte med aktivitetar både inne og ute. Ta difor med treningstøy for inneaktivitetar og uteklede tilpassa årstida. Sengeklede og handkle får du lånt på AiR.

 

Er det tilgang på datamaskiner og internett på AiR?

Ja, i eit av opphaldsromma er det 2 datamaskiner som brukarane fritt kan bruke. I tillegg har me trådlaus internettilgang i fellesområda for dei som har med eigen berbar PC.

 

Kan eg reise heim i helgene?          

Ja, i helgene kan du ta permisjon:

  • Fyrste helg i opphaldet frå laurdag kl. 12.00
  • Dei andre helgene kan det takast permisjon frå fredag etter timeplanlagde aktivitetar

Alle må vera tilbake på AiR til måndag morgon kl. 08.30.

 

Kvar ligg AiR - Klinikk?

AiR - Klinikk er ein del av Rehabiliteringssenteret AiR og ligg i Vinje kommune i Telemark. Det er 20 mil til Oslo og om lag 28 mil til Bergen.

 

Korleis kjem eg til AiR - Klinikk?

Ekspressbussen Haukeliekspressen går mellom Oslo og Bergen og stoppar i Åmot 4 gonger i døgnet. Det går lokalbuss frå Åmot til Rauland på dag- og kveldsbussane.

 

Kven kan søkje om eit opphald ved AiR - Klinikk?

AiR tek i mot vaksne brukarar frå heile landet.

 

Korleis søkjer eg plass på AiR - Klinikk?

Fastlegen, sjukehusavdelingar, Nav, bedriftshelsetenesta og attføringsutval kan søkje inn sine pasientar/brukarar til eit opphald ved AiR - Klinikk. Du finn søknadsskjema annan stad på nettsida vår.

 

Kvar skal søknadsskjemaet sendast?

Avhengig av kven som sender inn søknad , skal ei av dei tre adressene under brukast.

 

Søknad frå fastlegar  i helseregionane Helse Sør-Aust, Helse Midt - Noreg og Helse Nord sine område skal sende ferdig utfylt søknad  til:

Sentral enhet Rehabilitering

Postboks 174

1451 NESODDTANGEN

 

Søknadar frå fastlegar  i Helse Vest sitt område skal sende ferdig utfylt søknad til:

Regional vurderingseining for rehabilitering Helse Vest

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering

Nordåsgrenda  4

5235  RÅDAL

 

Søknadar frå Nav og sjukehusavdelingar skal sendast direkte til AiR – Klinikk, Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland.

 

Når gjev AiR - Klinikk avslag på søknadar?

AiR - Klinikk har ikkje kompetanse til å hjelpe brukarar med alvorleg psykiatrisk sjukdom / anoreksi - bulimi / rusproblem. Vidare vil tilboda ved AiR - Klinikk ikkje vera aktuelle for brukarar med uavklarte forsikringsspørsmål. Vi har heller ikkje kapasitet til å vurdere brukarar for eventuell varig stønad i folketrygda.

 

 

  • Facebook
  • Twitter
  • Skriv ut

Sjå kva andre seier om opphaldet

Prøvde ut nye grenser under trygge omgivelser. Fikk tid til fokus på en indre reise.
Kvinne, Sør-Trøndelag

Main menu

  • Rehabiliteringstilbod
  • Søkje plass
  • Om opphaldet
  • For helsevesenet / Nav
  • For arbeidsgjevar

Sub Menu

  • Følg oss på Facebook
  • In English
  • Ledige stillingar
  • Ofte stilte spørsmål
  • Kontakt oss
  • Om oss
  • Nyheiter

Shortcut menu

  • Arbeidsretta rehabilitering
  • Rehabilitering for personar med CFS/ME med moderat utfall
  • Rehabilitering for personar med kronisk smerte

Helse Sør-øst
CarfNemkoia
Raskere tilbakeNAV