Heile AiR no miljøsertifisert

Rehabiliteringssenteret Air har det siste halve året hatt miljø i fokus og sett på korleis vi kan ta enno betre vare på miljøet rundt oss. I oktober kom meldinga om at vi er miljøsertifisert etter Nemko sin krav.

 - Helseinstitusjonar som AiR er ingen miljøverstingar, seier direktør Svein Kostveit. Men legg til at dei oppdaga at rehabiliteringssenteret har eit større potensiale for å redusere miljøskadar enn dei var klar over då arbeidet starta.

Ei arbeidsgruppe med tilsette frå ulike avdelingar har sett på korleis hovudmåla i miljøplanen kan delast inn i delmål og tiltak. Nokre hovudmåla som er sett opp er: sortere og redusere avfall som blir produsert, ta vare på naturen som brukast av Klinikk til tur med brukarane, tilsette tenker miljø ved val av varer og tenester, AiR oppfyller lovkrav og andre krav når det gjeld miljø, og AiR førebyggjer og minskar forureining av jord, vatn og luft gjennom ulike tiltak .

 

Mindre straumforbruk og søppel

To tiltak gruppa har arbeidt mykje med er reduksjon av straumforbruket og mengda søppel som blir produsert.

AiR har sett som mål å redusere straumforbruket med 5 prosent innan 2012. Alf Svenning Berg i arbeidsgruppa seier miljøbelastninga ikke er så stor lokalt, men dei ynskjer å redusere straumforbruket i eit større globalt perspektiv. Nybygga frå 2011 har no vannboren varme og innebygde system som sikrar at ljos og varme slår seg av automatisk når det ikkje er aktivitet i roma.

Når det gjeld avfallshandtering, fortel Astrid Fugleneb Aamand at dei har arbeidt mykje med å få ned bruken av eingongsmateriale til mat og drikke når brukarane er ute på tur og elles på huset. Tilsette blir også bedt om å bruke same kaffikoppen om att fleire gonger for å redusere mengda oppvask.

- Vi har også fått i gang søppelsortering på heile huset. No sorterar alle tilsette og brukarar matavfall, papir, plast og restavfall kvar for seg, seier Astrid Fugleneb Aamand.

 

Mindre og meir miljøvenleg reising

Dei mange arbeidsreisene som tilsette står for utgjer også belastningar på miljøet. AiR har difor kjøpt inn videokonferanseutstyr til fleire møterom for å redusere reiseaktiviteten noko. Vidare blir tilsette oppfordra til å velje den mest miljøvenlege framkomstmåten, sjølv om dette er eit dyrare alternativ.

 

Ynskjer å vera fremst

Rehabiliteringssenteret AiR er sertifisert etter standarden ISO 14001:2004. Miljøsertifiseringa er ein del av ambisjonen til AiR om å vera i forkant av kvalitetsarbeid på alle vis.  Og Svein Kostveit viser til direktør i Helse Sør-Aust, Bente Mikkelsen, som seier at alle delar av helseføretaket skal vera miljøsertifisert. Så langt er Rehabiliteringssenteret AiR ein av dei fyrste einingane innan Helse Sør-Aust som har blitt sertifisert. Både AiR – Klinikk og AiR – Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering er miljøsertifisert.

 

 Astrid Fugleneb Aamand og Alf Svenning Berg i miljøarbeidsgruppa har fått sett opp søppelsorteringskasser på heile senteret.

 Astrid Fugleneb Aamand og Alf Svenning Berg i miljøarbeidsgruppa har fått sett opp søppelsorteringskasser på heile senteret.