Har fått eige brukarutval

 

Brukarane av AiR - Klinikk og arbeidsretta rehabilitering generelt vil i auka grad bli spurt og høyrt om sine erfaringar og kunnskap gjennom eit nyoppretta brukarutval for Rehabiliteringssenteret AiR.

Brukarmedverknad får større og større fokus innan rehabilitering. Og for å bygge opp ein tettare kontakt mellom brukarane av tenestene ved AiR - Klinikk og forsterke brukarfokuset i forskings- og fagutviklingsprosjekta ved AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidretta rehabilitering, oppretta Rehabiliteringssenteret AiR vinteren 2010 eit eige brukarutval.

Utvalet er sett saman av tre representantar der to er valgt blant tidlegare brukarar ved AiR - Klinikk og eitt medlem er utnemnt av FFO (Funksjonshemmedes fellesorganisasjon).

Utvalet skal ha fylgande roller:

  • Vera eit rådgjevande organ for AiR - Klinikk og AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering
  • Vera eit rådgjevande organ for styret og administrasjonen i saker som angår tilbodet til brukarane og/eller berører brukarinteresser
  • Sikre god medverknad fra brukarar på alle nivå
  • Bidra med brukarkompetanse i planprosessar
  • Ta initiativ til å fremje saker av betydning for brukarar
  • Uttale seg i styresaker som utvalet finn relevante
  • Bidra med brukarmedverknad til prosjekt
  • Utvalet skal ikkje behandle enkeltsaker (brukarsaker)

 

 

 

Brukarutvalet til Rehabiliteringssenteret AiR har alt hatt fleire møte med AiR-leiinga. Frå venstre Jon Hovda, leiar Air - Klinikk. Svein Henriksen, brukarutvalet, Ingunn Espesett Vreim, brukarrepresentant, Svein Kostveit, direktør Rehabiliteringssenteret AiR og Ola Vea Gustavsen, brukarrepresentant utnemnt av FFO.

 

Publisert 30.09.10