Feira 25 års drift to dagar til ende
Helga 26.- 27. august markerte Rehabiliteringssenteret AiR at det er 25 år sidan senteret opna i 1986. Fyrste brukarane kom i mai det året, og den offisielle opninga var 18. juni.
Ville vise fram senteret til bygdefolket
Sjølv om rehabiliteringssenteret er godt kjent i bygda og ein stor arbeidsplass, er det sjeldan bygdefolket kjem innom. Og frå utsida kan me kanskje også verke litt lukka. Dette var det no på tide å gjera noko med, og på laurdagen inviterte vi difor til open dag for alle som hadde lyst til å koma og sjå kva me driv med her oppe.
På programmet stod aktivitetar som klatring, orientering, riding, praktisk øving i oppmerksamt nærvær, formingsaktivitetar og omvisingsrunde på senteret. Og dei to lavvoane der ein kunne få seg ein mabit hadde over 150 personar innom i løpet av dagen.
Høgtidleg markering på fredag
Fredag var sett av til ei offisielle markering med inviterte gjester. Her kom mellom andre nokre av dei som var sentrale i etableringa av det som i 1986 heitte Attføringssenteret i Rauland. Per A. Fredriksen, fyrste direktøren som også kom med ideen og var primus motor saman med Eyvind Thiis-Evensen i etableringa, vart saman med Ingvald Godal, ordførar i Vinje den periode, heidra med kvart sitt bilde.
Statssekretærar Robin Martin Kåss, Helse- og omsorgsdepartementet og Gina Lund, Arbeidsdepartementet hadde også teke turen til Rauland denne dagen. I si felles helsing la dei mellom anna vekt på Rehabiliteringssenteret AiR med både klinikken og nasjonalt kompetansesenter representerer ein stor kompetanse både når det gjeld arbeids- og helsedimensjonen.
- Arbeid og helse går hand i hand, og for å få til eit godt arbeidsmiljø er det viktig å sjå heilskapen, sa dei to.
Under opninga av senteret las Halldis Moren Vesaas ein prolog der ho tok opp kjerna i menneskesynet som rehabiliteringssenteret vart bygd på, og som framleis gjeld i dag. Olav Vesaas las prologen for oss på ny denne dagen, og siste verset lyd slik:
Løft auga:
Over inngangsporten her
står skrive eitt
av dei vakraste ord
som mennesket veit å nemne:
Håp. Von.
Gjennom ein port med ei slik innskrift
kjennest det godt å gå.
Med alle som besøkte rehabiliteringssenteret denne helga og entusiasmen de hadde med dykk for arbeidet vi gjer, har vi fått pågangsmot til 25 nye år med arbeidsretta rehabilitering på Rauland.






