AiR - Klinikk med ny Nav-avtale om arbeidsretta rehabilitering

AiR – Klinikk har som einaste institusjon i fem austlandsfylke underskrive ny avtale med Nav om levering av døgnbasert arbeidsretta rehabilitering.
AiR - Klinikk er no einaste rehabiliteringsinstitusjonen i dei fem fylka Telemark, Buskerud, Vestfold, Hedmark og Oppland som har avtale om å levere arbeidsretta rehabilitering til Nav dei neste åra. I Nav sin anbodskonkurranse var vi fleire institusjonar med mykje erfaring innan arbeidsretta rehabilitering som deltok. Vi er difor stolte over å ha blitt valgt ut av Nav som deira einaste leverandør av dette programmet i dei fem austlandsfylka.
Målgruppe for tilbodet er:
- Alle som er sjukemeldt frå arbeidet sitt og/eller har fått arbeidsevna nedsett slik at dei er hindra i å skaffe eller behalde arbeid
- Helsetilstande må vera stabil og alvorleg sjukdom må vera utelukka. Sjukemeldande behandlar må vurdere at arbeidsretta rehabilitering vil styrke arbeidsevna
LES MEIR OM AIR – KLINIKK SITT TILBOD ARBEIDSRETTA REHABILITERING (DØGN)
Avtala gjeld frå 1. september 2011 til 1. september 2013, med moglegheit for å bli forlenga med to nye år.
For å søkje om plass for sine brukarar, sender lokale Nav-kontor Nav sitt avropsskjema direkte til AiR – Klinikk. For å få meir utfyllande opplysningar om personen som søkjer om plass, ynskjer vi også at Nav fyller ut AiR – Klinikk sitt eige søknadsskjema og legg ved.
Meir informasjon om innsøking og søknadsskjema finn du her


Undervisning, samtaler med det tverrfaglege teamet og trening, er alle viktige delar for å koma i eller tilbake til arbeid.