Rehabiliteringssenteret Air har det siste halve året hatt miljø i fokus og sett på korleis vi kan ta enno betre vare på miljøet rundt oss. I oktober kom meldinga om at vi er miljøsertifisert etter Nemko sin krav.
Helga 26.- 27. august markerte Rehabiliteringssenteret AiR at det er 25 år sidan senteret opna i 1986. Fyrste brukarane kom i mai det året, og den offisielle opninga var 18. juni.
Nettsidene til AiR - Klinikk har fått ny utsjånad, og me håpar det vil vera lettare å finne aktuell informsjon for dei mange ulike brukarane av www.air.no.
Med sitt fokus på arbeid og helse var Rehabiliteringssenteret AiR ei nyskaping i norsk helsevesen då det opna i 1986. I år kan vi sjå tilbake på 25 års drift, og arbeidsretta rehabilitering har vore grunnsteinen heilt frå starten. Senteret har heile vegen hatt som mål om å vera fagleg i front, og har i dag landets største tilbod innan arbeidsretta rehabilitering.
Etter ein omfattande anbodsprosess har Nav bestemt seg for å inngå ny rammeavtale med AiR – Klinikk for døgnbasert arbeidsretta rehabilitering.
AiR – Klinikk gledar seg over tildelinga og ser fram til at Nav vil nytte avtala for sine brukarar, då tilbodet har ein positiv effekt for svært mange når det gjeld å koma tilbake i arbeid.
Dei to nye rehabiliteringstilboda til AiR - Klinikk har no fått ein eigen brosjyre som vi håpar vil vera aktuell og interessant for deg som vil søkje om eller har fått plass på eitt av programma.
Frå 1. januar tilbyr AiR - Klinikk to nye rehabiliteringsprogram i tillegg til arbeidsretta rehabilitering. Desse er:
Rehabilitering for personar med kroniske smerter
Rehabilitering for personar diagnostisert med CFS/ME med moderat utfall
Saman med 11 andre aktørar frå offentleg og privat sektor i Telemark underskreiv Rehabiliteringssenteret AiR 30. mars ei omfattande og forpliktande partnarskapsavtale for folkehelse.
Bakgrunnen for opprettinga av partnarskapet er fylkesutvalets strategi for folkehelsearbeidet 2010-2012, som blant anna omfattar helsefremmande arbeidsplassar, helsefremmande barnehagar og skular, friskliv/friskvern, seniortiltak, innbyggjaranes helsetilstand og påverkingsfaktorar.