For arbeidsgjevar
Arbeidstakaren kan bli søkt inn til eit opphald av
- Fastlegen (heile landet)
- Nav gjennom eige avropsskjema (gjeld fylka Telemark, Buskerud, Vestfold, Oppland og Hedmark).
Andre lokale aktørar rundt arbeidstakaren kan også ta initiativ til å søkje om plass for arbeidstakaren:
- Arbeidsgjevar
- Fysioterapeut
- Kiropraktor
- Bedriftshelseteneste
- Andre i nettverket til arbeidstakaren
Kontakt med arbeidesgjevar før, under og etter opphaldet
For å sikre eit best mogleg resultat når det gjeld målet om å koma tilbake i arbeid, har arbeidskonsulentane ved AiR – Klinikk under opphaldet kontakt med arbeidsgjevar der det er formålstenleg. Før opphald blir brukar oppfordra til saman med arbeidsgjevar å fylle ut eit skjema som mellom anna beskriv kva som er gjort av tilrettelegging og kva moglegheiter brukar og arbeidsgjevar ser for vidare tilrettelegging.
Grad av oppfylging og kontakt med arbeidsgjevar vil vera avhengig av behovet den enkelte brukar har for slik oppfylging.
Av erfaring veit vi at ein god dialog mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar er viktig gjennom heile sjukmeldingsperioden for at arbeidstakar skal kome attende til arbeidsplassen.
Målet med arbeidsretta rehabilitering
Opphaldet skal hjelpe brukaren til å styrke eigne ressursar og betre sin funksjon slik at ho/han kan få tilbake og lære å ta vare på arbeidsevna. Eit fire vekers rehabiliteringsopphald skal leggje til rette for endringsprosessar og bidra til auka bevisstgjering av brukarens ressursar og moglegheiter til arbeidslivsdeltaking.
Dette vil vi oppnå ved at:
Eit tverrfagleg team samarbeider om å gje nødvendig bistand til brukarens eigen innsats for å oppnå best mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking i arbeidslivet.
Opphaldet inneheld tverrfagleg kartlegging, tilpassa fysisk aktivitet, veiledning individuelt og i grupper med medlemmane i det tverrfaglege teamet, undervisning og kontakt med arbeidsgjevar og lokalt støtteapparat